
HARDTSLÅANDE: Her skaper Hilde Elvebakk problem for Oslo Volley i ein kamp for BSI i 2012. FOTO: JOHANNES ANDERSEN
Den største poengplukkaren i eliteserien sist sesong, Hilde Elvebakk (25), tek på seg Oslo Volley-drakta til hausten.
Landslagsspelaren stod sist sesong for kvart fjerde poeng Førde fekk i eliteserien. Nå skal ho sanke poeng på kanten for Oslo Volley.
– Det har vore mykje fram og tilbake om kva eg skulle gjere denne sesongen. I Oslo Volley får eg sjansen til å spele med fleire landslagsspelarar og forbetre samspelet med dei. I tillegg svarar ambisjonane klubben har betre til mine eigne mål enn kva tilfellet er med nyopprykte Nyborg, som var eit alternativ, sier ho.
Ho får no spele nordisk meisterskap og håpar på gode plasseringar i cup og serie.
– Eg er frykteleg lei av bronsemedaljer. Eg har fem av dei. Det får halde, ler ho.
Elvebakk meiner at topp to må vere målet for Oslo Volley sitt damelag i serien.
– Og så har eg veldig lyst til å spele cupfinale igjen. Sist var i 2009, for BSI mot Koll, sier ho.
– Vil bety mykje
Trenar Marko Milosevic er glad for å få Elvebakk med på laget.
Sa nei til Stod
Stod har prøvd å kapre Elvebakk, men ho takka nei.
– Veldig synd for oss, uttalte Stod-trener Andre Sa då stjernespelaren glapp for dei.
Elvebakk seier det var uaktuelt, fordi det ikkje let seg gjere å pendle til trøndelagsklubben.
– Det blir mindre reisetid til Oslo, påpeikar ho.
Ho skal vere med på Oslo Volley sine kampar og i tillegg trene ein del med laget. Elvebakk blir nemleg buande i Bergen.
– Eg jobbar med å lage eit opplegg i Bergen. Blir nok litt som sist sesong, då eg mellom anna trena med herrelag.