Mr. Oslo Volley – John Walstad – har gått av som leiar i klubben etter heile 11 år i førarsetet.
Dermed er ein epoke over – både i Oslo Volley og norsk volleyball. Han forlet ein klubb som står sterkare enn nokon gong før, og etter den beste sesongen i klubben si 14 år lange historie. Styremedlem Ellen Feen peika i talen sin på det enorme arbeidet han har lagt ned gjennom alle desse åra – både på elitelaga og etterkvart i form av ei av dei største junioravdelingane i landet. Walstad har vore sentral i klubben heilt sidan starten i 1999.
Oslo Volley takkar han hjarteleg for alt han har gjort for klubben.