Årsmøtet i Oslo Volley vart avvikla på Kastellet Skole tirsdag 5. juni.17 stk. møtte for å oppsummere 2011 og legge veien vidare framover.
Oppretting av eliteutvalg beståande av 5 personar er ein viktig organisatorisk endring. Eliteutvalget vil være klubben sine «ekspertar» i saker som omhandler elite.
Oslo Volley vedtok også å innføre junior-representant som fast i styret beståande av 5 personar. Jenny Marie Nygaardsmoen på JU19 er klubben sin første junior-representant valgt inn i styret.
Ole Lundeby tok gjenvalg som Leder av juniorutvalget beståande av 5 personar. Ivar Fossen er Leder av sportsleg utvalg som er tenkt supplert av elitetrenarar når dette er klart. Eliteutvalget som vart vedteke oppretta skal bestå av 5 personar. Det første året dette utvalget er i sving vert personane valgt inn av Styret i samarbeid med spelarar på elitelaga.
Klubben sin kontrollkomite består av Ole Lundeby, Einar Bye og Marianne Lunde det kommande året.
Andre utvalg i klubben vert oppretta av styret i henhold til klubbhandboka.
Øvrige saker som vart diskutert på årsmøtet var økonomi og treningstider.
Vi går spennande tider i møtet for å legge forholda best mulig til rette i klubben for dei som vil spele for oss, dette gjeld både på økonomisida og når det gjeld treningstidene. Eindel viktige avklaringar vart gjort i denne sammanhengen.
Det nye styret i Oslo Volley ser slik ut:
Styremedlemmer;
Christopher Cox (2 år)
Ellen Feen (1 år)
Juniorrepresentant: Jenny Marie Nygaardsmoen (2 år)
Nestleder: Nils Harnes (1 år)
Leder: John Walstad (gjenvalgt for 1 år).
Vararepresentanter: Milana Sarac, Thomas Skaugen og ein plass avholdt til Leder for Eliteutvalget.
Det vanka takk og roser til avgåande styrerepresentantar Dorota Dawidovic, Ingvild Sørdal og Ole Martin Kleivenes.