Klar for bronsefinale

U16-gutta er klare for bronsefinale. Jentene tapte kvartfinalen mot Spirit.

Det blei to tap for U16-laga i dag formiddag i regionsmesterskapet på Rjukan.  Guttelaget skal ut i bronsefinale, etter tap 0-2 mot Spirit i semifinalen.

– Vi hadde eit godt andresett der vi nesten hadde dei, rapporterar guttetrenar Karl Johan Klokk.

No er gutta klare for å ta Askim i bronsefinalen. Dei fleste spelarane på guttelaget er fødde i 1996/1997, og kan dermed også spele U16 neste år.

Finalen på guttesida blir mellom Spirit og Koll.

Jentene tapte tie-breaket 15-11 i kvartfinalen, og går no over i plasseringsspel.

– Vi tapte 1-2 mot eit betre lag. Men laget viste heroisk innsats, og fleire av spelarane auka sjølvtilliten, seier trenar Ole Lundeby.

Spread the word. Share this post!